Ålgård menighet > Artikler > Artikkeldetaljer


Sorggrupper for barn


Støttegruppe for barn som har mista foreldre eller sysken

Støttegruppene er for barn på 4.-7.trinn i Gjesdal,Klepp, Time og Hå som har mista foreldre eller sysken i dødsfall. Barna får snakke om tankane og følelsane sine saman med andre barn på same alder, og som er i ein liknande situasjon. Dei får møte trygge vaksne med teieplikt, og ungane bestemmer sjølve kva dei vil dele og fortelje. Det er lov til å vere både glade og leie seg saman. Gruppene er livssynsopne, dvs. at dei er opne for alle uansett livssyn og tilknyting til kyrkjesamfunn.

  • Gruppa møtes 8 gonger med ca.2 veker mellom kvar gong.
  • Gruppa blir på ein fast vekedag, kl. 12:00-14:00. Viss dette er i skuletida, så avtalar me med skulen at barnet treng å få fri. Detaljar om oppstart (dato og stad) kjem når det er tilstrekkeleg antal påmeldte deltakarar.
  • Me eter alltid eit måltid saman.
  • Me kjem til å leike saman, ha hobbyaktivitetar og snakke med kvarandre i gruppa.
  • Gruppa er gratis.
  • Me samarbeider individuelt med kvar enkel heim for å finne ein god plan for korleis barnet kjem seg fram og tilbake til gruppa.
  • Me har alltid ein bli-kjent-samtale saman med barnet og ein forelder/føresett før gruppa startar, slik at me får bli litt kjent med kvarandre.

Lurar du på noko, eller ønskjer å melde på eit barn du kjenner, ta kontakt med diakonen i Gjesdal:

Tonje Vilberg Bjerkreim, tlf. 95 27 65 05 tonjevilberg.bjerkreim@gjesdal.kommune.no

 

Tilbake